Innskjerping av rett til seinabort

NGF forsvarer vurdering av den enkelte sak i nemnd framfor øvre grense på 22 veker

Innskjerping av rett til seinabort

Det er no klårt at Helsedirektoratet strammer inn retten til abort for dei seine abortane ved å setja eit max veketal på 22 veker (21 +7). Dette handlar om definisjonar av levedyktigheit og fosteret sine rettar opp mot kvinna sine rettar i lova §2. Truleg vil dette også få konsekvensar for retten til abort under §2c). Sjå abortlova


Her er helsedirektoratet sin informasjon på eigne nettsider: Legg spesielt merke til det som står i nest siste avsnitt: "Helsedirektoratet fastslår  at det ikke skal innvilges abort på grunn av kvinnens fysiske og psykiske helse, livssituasjon eller på grunn av forhold som rammes av straffeloven (bl.a. incest, voldtekt) etter at fosteret er 22 fullgåtte uker (21+7). Direktoratets presisering av gjeldende rett gir en uke mellom abortgrensen og det som praktiseres som levedyktighetsgrensen ved norske nyfødtavdelinger."
Her har dei altså med vilje sett abortgrensa ei veke kortare enn levedyktighetsgrensa. Norsk gynekologisk forening bestrider at dette kan vera lovleg.
 
 
Lita oppsummering:
Lova gir aukande rettsvern for fosteret etter som graviditetslengden skrir fram. Det står i lova at ein ikkje kan gjera abort når "fosteret anses som levedyktig" §2. Abortforskrifta frå 2001 definerer levedyktig som levedyktig med avansert medisinsk behandling Kapittel 4 §18 Sjå abortforskrifta her >>. Vi reknar med dette dreier seg om same behandling som vert gitt til fortidleg fødte barn.
I 2001 kom det også eit rundskriv som då truleg følgde abortforskrifta. Det vert sitert til dette rundskrivet i dokumenta nedst på helsedirektoratet si side. I det rundskrivet står det at ein reknar foster å vera levedyktige ved veke 22+0 altså 154 dagar. Korleis dei har kome fram til det er uvisst, men som både klagenemnda og ekspertgruppa viser til så viser ikkje noko forskning at ein har overlevelse før etter 23+0 161 dagar. For barn født mellom 23-24 veker 161-168 dagar så er overlevinga 11--16% i dei studiene som finst. Det er også lite optimisme i forhold til trua på at teknologi vil ta levedyktigheitsgrensa nemneverdig nedover. Definisjonen i rundskrivet samsvarer såleis ikkje med den verkelege verda. Lova definerer ikkje kor stor %-del overleving ein skal rekna som levedyktig- er det 1% eller må det vera over 50%?
 
I 2010 vart det oppretta ei sentral abortklagenemnd av di ein såg det var stort sprik i kor mange seinabortar som vart innvilga rundt om i landet. 
Abortklagenemnda held til på Rikshospitalet som også er den avdelinga som har flest alvorlege, fortidleg fødte i landet. Dei same jordmødrene som handterer dei fortidleg fødte, ynskte graviditetane skal også handsama seinabortane. Dette syns dei er vanskeleg. I 2011 sendte avdelingsleder på Rikshospitalet eit brev til direktoratet der dei meinte at klagenemnda innvilga abortar som var i strid med lova sidan dei var innvilga i veke 22-23 og 23-24. Dette førte til stor mediemerksemd som berre dreia seg om kor forferdeleg det var å gjera abort så seint. Ingen snakka på vegne av kvinners rettar. Kvinner som tar seinabort er gjerne dei svakaste. Det er ofte knytt opp til rus, psykiatri, valdtekt, tidlegare incest etc. Dei har truleg fortrengd graviditeten, klarer ikkje å handtere livet sitt og systemet. Berre klagenemnda veit kva grunnlag dei har vedtatt abort på.
Helsedirektoratet ba om redegjering frå klagenemnda på 10 abortar som då hadde skjedd frå nemnda var oppretta og gjekk over ca 1 års tid. 9 abortar i veke 22-23 og 1 i veke 23-24. Dei viste til at forskning ikkje viser overleving under 23 veker og at dei har vald å følge lova av di den har høgare rettsleg posisjon enn rundskrivet. Sidan overleving er så låg i veke 23-24 og den saka dei handsama var særskild graverande så meinte dei at kvinna sin situasjon hadde presedens over fosteret. Helsedirektoratet har ikkje funne at klagenemnda har handla i strid med lova.
 
Etter denne redegjeringa oppnemnde dei ei ekspertgruppe og ga dei eit mandat. Dette låg klårt 8. april 2013.Her finn de ekspertgruppa sitt dokument >>
Dei har no konkludert med at ein ikkje skal innvilga ein einaste abort etter veke 22+0. Så foster kan max vera 153 dagar. Dei erkjenner at dette er ei veke mindre enn det fagfolk og avdlingar for fortidleg fødte reknar som levedyktig. Med dette vedtaket kan det verta vanskeleg for nemndene å innvilga ein einaste abort etter 21+6 etter denne presiseringa frå direktoratet. Det vil også få konsekvensar for abortar på bakgrunn av §2c). Dei finn det vanskeleg å tolka direktoratet si meining i denne saka når dei seier at det er lov å gjera abort på foster med ei begrensa overleving/overleving ei viss tid. Dei einaste tilstandene som har fått godkjenning for abort når som helst i svangerskapet er foster utan skalle eller utan hjerne.
 
Vi meiner det er grunn til å setje tvil til mandatet som berre har eksplisitt fått melding om å vurdere om levedyktigheitsgrensa skal setjast lågare enn 22 og ikkje om den kan setjast høgare. Konklusjonen som også eksplisitt set abortgrensa ei veke tidlegare enn levedyktighet meiner vi ikkje kan ver i tråd med lova.

 

NGF sende difor i desember eit brev til Helseministeren, Helsedirektoratet, Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, Klagenemnda og Den norsk Legeforening. Her finn de brevet >>

Dette vart fanga opp av NTB som laga dette oppslaget i romjula >>

I etterkant har dette ført til mykje mediemerksemd og NGF har vore invitert til fleire debattar

Nyhetslunsj
http://radio.nrk.no/serie/nyhetslunsj/npub44000114/02-01-2014
Her og nå
http://radio.nrk.no/serie/her-og-naa-hovedsending/dmnh01000214/02-01-2014
Dagsnytt 18
http://radio.nrk.no/serie/dagsnytt-atten/nmag03000114/02-01-2014#t=39m47s