Omsorgsarbeid ved dødfødslar og abortar

Jostein Tjugum
Kari Nedrebø
Ottar Rekkedal
Sølvi Taraldsen


ICD-10

F43.2   Sorgreaksjon
O02.1 Missed abortion (med retensjon av daudt foster)
O03 Spontan abort
O04 Provosert abort
O36.4 Omsorg for og behandling av mor ved intrauterint dødsfall
Z37.1   Enkelfødsel, dødfødd
Z37.3   Tvillingfødsel, ein levandefødd, ein dødfødd
Z37.4   Tvillingfødsel, begge dødfødde
Z37.6   Andre fleirfødslar, nokre levandefødde
Z37.7   Andre fleirfødslar, alle dødfødde
Z39.2   Barselomsorg - Etterkontroll
Z 64.0   Abortrådgiving
Z71.8   Rådgiving i samband med arveleg sjukdom eller tilstand
Z87.5   Opplysning om komplikasjonar ved svangerskap, fødsel og barseltid i eigen sjukehistorie


Definisjonar
Definisjonar til "praktisk" bruk ved omsorgsarbeidet
WHO

  • Dødfødsel ≥220 graviditetsveker
  • Abort <220 graviditetsveker
  • Grensene må nyttast med visdom og skjøn.
  • Omsorgsarbeidet ved abortar vil som regel være avgrensa til seinabortar. (Abortar ≥12 graviditetsveker eller i praksis "Eit abortert tydleg synleg foster")

Ulike mynde sine definisjonar med plikter og rettar fylgjer nedanfor
Medisinsk fødselsregister

  • Levande fødd = foster/barn ≥12 graviditetsveker med livsteikn
  • Dødfødd = foster/barn ≥12 graviditetsveker utan livsteikn

(Livsteikn = hjarteaktivitet, åndedrett eller muskelaktivitet)

Unntak
Foster/barn ≥12 graviditesveker fødd med livsteikn som i samband med fødsel har gjennomgått mutilerande inngrep som vil føra til død = dødfødsel.
Folketrygda

  • Dødfødsel ≥27 graviditetsveker. Fødselspermisjon i 6 veker til mor. Far ikkje nemnd - sjukemelding etter behov
  • Abort <27 graviditetsveker. Sjukmelding etter behov både mor og far.
  • Økonomisk gravferdstøtte utan nedre abortgrense, men krav til "seremoni"

(Arbeidstakarar i stat og kommune med dødfødsel ≥27 graviditetsveker har avtale om inntil 33 veker permisjon med lønn. Andre arbeidstakarar kan ha liknande/andre avtalar)

Kyrkja
Gravferdslova frå 1997med endring 2001

  • Gravlegging skal skje på offentleg kyrkjegard eller på gravplass bygd av registrert trussamfunn (Unntak: privat gravstad og spreiing av oske)
  • Dødfødde barn har rett til gravplass/eiga grav

Sosial- og helsedepartementet - Rundskriv I - 41/2001

  • Dødfødsel = indusert fødsel ved intrauterin fosterdød
  • Abort = indusert fødsel ≤37 graviditetsveker, der fosteret har definert dødeleg sjukdom (under svangerskapet eller etter fødselen)

Retningsgivande er målsetjinga med fødselsinduksjonen.

Meldingar/meldeskjema

  • Melding om fødsel ≥28 graviditetsveker RF - 1420N
  • Melding om dødsfall ≥28 graviditetsveker IK - 1025B
  • Melding om avsluttet svangerskap etter 12. uke - Fødsel, dødfødsel, spontanabort IS - 1002
  • Erkjennelse av farsskap IA 55-00.10
  • Melding av provosert abort >12 heile graviditetsveker IK - 1143
  • Medisinsk vurdering av arbeidsmulighet ved sykdom IA 08-07.04
  • Melding om abort til kyrkja/trussamfunn for eigen grav-/urneplass.(Finst ikkje offisielt skjema, lag eige med mor sitt namn og fødselsnummer + abortdato underteikna av lege)
  • Melding om abort til skifteretten ved kremasjon (bruk sjølvlaga skjema som nemnt ovanfor)
  • Melding til kyrkja ved bruk av Minnelund skal gjeras anonymt. Foreldrenamn skal ikkje oppgivast. Gravlegginga er ei sak mellom sjukehuset og styret for gravlunden. Minnelund kan nyttast av alle uavhengig av livssyn og kyrkjesamfunn (aktuelle sjukehus skal ha avtale om Minnelund og avtale som sikrar at foster kan kremerast. Fleire foster kan setjast på plass på Minnelund samtidig, bør ordnast minst ein gong kvart halvår)

Diagnostikk/etologi
Se Kapittel 28 "Intrauterin fosterdød"

Behandlingsrett/ventegaranti
Som regel: Snøgghjelp elles behandlingsrett med ei veke ventetid

Tiltak/råd/oppfølging
Dødfødsel

  1. La paret vere med å bestemme tidpunkt for fødselinduksjonen
  2. Open og ærleg informasjon til paret
  3. Tilby einerom på barsel eller kvinnepost. Oppmuntre til at barnefaren er tilstades, også overnatte
  4. Vurdere - tilrå medisinsk undersøking (obduksjon, serologi med meir → se Kapittel 28 "Intrauterin fosterdød). Informer om obduksjon på ærleg og høveleg måte
  5. Sjå barnet - namn - fotografi - dødsannonse. Gi barnet namn så snart råd er. Som hovudregel tilrå at foreldra eventuelt søsken brukar tid i lag med det døde barnet, sjå det, halde det. Foreldra bør oppmuntrast til å involvere omverda (familie og venner) i det som har skjedd. Det bør takast fotografi, fot- og handavtrykk av barnet også gjerne ein liten hårtust. Dette kan samlast i "minneperm" som lagrast i mora sin journal viss foreldra ikkje spør etter det med det same. Kanskje vil dei spørja etter dette seinare. Det er viktig å informere om at dødsfallet vedkjem fleire enn familien, såleis kan det være godt å ordne dødsannonse innan gravferda
  6. Informere om at det er råd å sjå barnet i kista, at dei sjølve kan leggje/vere med å leggje barnet i kista, bruke eigne kler. Vær tydleg i informasjonen når barnet er svært lite, misdanna og/eller obdusert
  7. Tilrå eigen gravstad til barnet, det kan være eiga grav eller familiegrav. I Den norske kyrkja blir ritualet for barnegravferd brukt for desse barna
  8. Tilby samtale med sjukehusprest, leiar for annan religion eller livssyn
  9. Tilby kontaktperson(ar) og kontroll ved avdelinga. Samordne informasjon og omsorg. Vurdere/tilby kontakt med sosionom. Tilby kontakt/kontroll på heimstad/nærmiljø (jordmor, fastlege, prest, sorggruppe). Vis omsyn til livssyn

Abort

  • Omfang: Seinabortar = ≥12 graviditetsveker." Eit tydleg synleg abortert foster".
    (Graviditetsmateriale frå tidlegabortar vert handsama som anna biologisk materiale)

Bruk med skjøn det som er nemnt under dødfødsel, nokre unntak vil/kan vera:

  • For mange vil det være unaturleg med namn, stell i kiste, dødsannonse .......
  • For mange vil det vere mest naturleg med Minnelund i staden for eiga grav. (Ved eiga gravferd vil ritualet som nyttast i Den norske kyrkja i stor grad tilpassast den enkelte situasjon)
  • Ved provosert abort vil det oftast være unaturleg med all nemnd informasjon. Informer om anonym gravlegging på Minnelund. I nokre tilfelle vil det også ved provosert abort være aktuelt med eiga grav/eigen seremoni

MERK!
Omsorg til alle - vis omtanke med varsemd - alle punkt høver/trengst ikkje for alle - det finst fleire livssyn - alle barn/foster bør få ein gravplass.

Pasientinformasjon

Emneord

  • Dødfødsel
  • Abort
  • Omsorg
  • Oppfølging
  • Gravplass

Dokumentasjonsnivå
Råda tuftar på kliniske studium og erfaring/ekspertråd (III og IV)

Kjelder

  1. Askvik K, Tjugum J. Omsorgsarbeid ved spontane abortar i 2. trimester. Abstrakt 1991. Årsmøtet Norsk gynekologisk forening.

  2. Drangsholt LK, Svela IL "Det døde fosteret" - abort eller mistet et barn? OMSORG, Nordisk Tidsskrift for Palliativ Medisin 1996 Nr 1.

  3. Fox R, Pillai M, Porter H, Gill G. The management of late fetal death, a guide to comprehensive care. Br J Obstet Gynaecol 1997; 104: 4-10

  4. Helsetilsynet. Retningslinjer for håndtering av aborterte foster. Rundskriv IK - 9/2001.

  5. Veileder ved obduksjon av fostre og barn, Den norske lægeforeningen, 2004, ISBN 82-8070-023-4. Kapittel 3: Obduksjon og religion. Kapittel 4: Obduksjon av fostre og barn. En orientering til foreldre. Kapittel 5: Obduksjon av fostre og barn. En orientering til helsepersonell. Kapittel 6: Stell av barn etter obduksjon. Kapittel 7: Gravferdsrutiner og håndtering av humant biologisk materiale.

Oppdatert 16.2. 2009