Økonomi foran pasientsikkerhet

- Arbeidsgiver vil spare penger på pasientenes regning, sier leder i Yngre legers forening (Ylf) Christer Mjåset til ukeavisen Dag og Tid.

Økonomi foran pasientsikkerhet
Illustrasjonsfoto: Colourbox.

«Spekter har det seinaste året ynskt at lækjarane skal gå frå å forhandla kollektivt om arbeidstida til å måtta forhandla individuelt. Det går ikkje lækjarane med på. Kvifor ikkje?

Christer Mjåset- Det me ynskjer, er å ha høve til kollektivt å forhandla fram forsvarlege vaktplanar for lækjarane våre, som alt er unnatekne
frå arbeidsmiljølova.

Dersom systemet skal fungera, må me koma fram til vaktplanar på vegner av heile vaktlag, ikkje at ein individuelt forhandlar fram ein plan med kvar einskild lækjar seier Christer Mjåset, leiar i Yngre legers forening (Ylf).

- Det me er urolege for, er at ein vil få mange uforsvarlege
vaktplanar rett og slett av di det vil verta umogeleg for tillitsvalde
å fylgja kvar einskild lækjar. Til sjuande og sist handlar det om pasientane.

Dei skal ikkje måtta møta ein trøytt lækjar, for ein trøytt lækjar er ein farleg lækjar. Me ynskjer at sjukehuset skal vera ein trygg plass for tilsette og pasientar, seier Mjåset.»

Les hele intervjuet med Christer Mjåset i Dag og Tid ved å laste ned filene på høyre side av skjermen (PDF).

Samfunnspolitisk avdeling
Den norske legeforening

Vedlegg