Medisinsk grunnutdanning

Det er ingen som har så god kjennskap til den medisinske grunnutdanninga som studentane. Vårt perspektiv er derfor ein viktig ressurs. Norsk medisinstudentforeining ynskjer å gi gode innspel til korleis norsk legeutdanning kan halde høg kvalitet, og vi representerer alle norske medisinstudentar i innland og utland i nasjonale sakar innan grunnutdanning. Vi arrangerer kvart år ein konferanse om grunnutdanning, vanlegvis i november. Nmf har eit nære samarbeid med fleire foreiningar, mellom anna studentdemokratia ved dei ulike fakulteta, og Norsk studentorganisasjon.

Om du har spørsmål om Nmf sitt arbeid innanfor grunnutdanning, ta gjerne kontakt med ein av våre tillitsvalde. De finn kontaktinformasjon til lokale tillitsvalde under lokallaga sine sider, og til nasjonal tillitsvald i høgre marg. 

Nasjonale prøver

Dei medisinske fakulteta i Noreg er no i gong med å utforme ein pilot for nasjonal eksamen. Det vil bli ein nettbasert eksamen i klinisk resonnement, og vil bli gitt til studentar i 11. semester. Prøva skal byggje på læringsmål som kan finnast i alle studieplanane opp til og med 11. semester i studiet. Etter planen skal piloten arrangerast hausten 2016.  Målet med prøva vil vere «å imøtekomme utdannings-politiske ønsker om sterkere samordning og kvalitetssikring innen en utdanning innad i landet. Prøven kan gi nyttig informasjon om studentenes kompetanse og gi fagmiljøene mulighet til sammenligning mellom læresteder.» Prøva vil få status som eit obligatorisk arbeidskrav. Dette er berre ein pilot, og det er ikkje gitt at dette blir det endelege formatet på ein nasjonal eksamen/prøve.

Les Nmfs uttalelse om nasjonale prøver: Fråsegn frå Norsk medisinstudentforeining om nasjonal prøve for medisinstudiet

Nasjonale læringsmål

Det finnast i dag inga felles skildring av kva ein norskutdanna lege skal kunne. Dette er noko som blir etterspurd frå fleire hald, mellom anna arbeidsgivarar og myndigheitene. Samstundes arbeider fakulteta med ein nasjonal eksamen, som skal brukast til å kvalitetssikre dei norske utdanningane. For å få til dette, må fakulteta ha ein felles standard å vurdere kvarandre og studentane opp mot. Det er derfor behov for å utarbeide nasjonale læringsmål for legeutdanninga.

Det fyrste som fakulteta vil utarbeide felles læringsmål på er kliniske ferdigheiter. Dette arbeide vil resultere i ei liste med kliniske ferdigheiter som alle norskutdanna studentar skal beherske. Lista vil også spesifisere kva nivå studentane skal kunne det på. Det er også sannsynleg at fakulteta vil utarbeide læringsmål som skal brukast ved ein nasjonal eksamen. Kva form og omfang desse læringsmåla vil få, er enno uavklara. Den fyrste piloten for nasjonal eksamen vil ta utgangspunkt i eksisterande læringsmål som er felles i Noreg frå fyrste til 11. semester.

Resolusjon om nasjonale læringsmål, vedtatt av Nmfs landsstyre 10. april 2016, Tromsø.

Hospitering

Noreg er avhengig av studentar som studerer medisin i utlandet for å dekke legebehovet sitt. Mange av desse må hospitere ved sjukehus for å få graden sin godkjend. Sidan dei skal jobbe som legar i Noreg, er det ein fordel om dei får gjennomføre hospiteringa si ved norske sjukehus. Diverre har det vist seg at dette tidvis har kome i kollisjon med norske innlandsstudentar si obligatoriske undervisning. Det er ikkje alltid lett å vite om eit sjukehus har studentansvar, og når dei i så fall har det. Nmf vil derfor arbeide for at denne informasjonen blir lett tilgjengeleg. Vi vil også arbeide for at fleire sjukehus opnar for hospitering, og at det skjer i ordna former. På denne måten kan vi lette trykket på sjukehusa som er tilknytt universiteta, og sørgje for at norske utlandsstudentar får viktig erfaring med norsk helsevesen.

Samarbeidspartnarar

Nmf samarbeider med både lokale og nasjonale studentdemokratiske organisasjonar i spørsmål om grunnutdanning. Særleg dei lokale studentdemokratia speler ei viktig rolle. Alle dei norske studiestadane har eigne studentdemokrati som har ansvar for å representere sine studentar opp mot fakultetet. Her følgjer ei oversikt over relevante samarbeidsorganisasjonar for Nmf, med kontaktinformasjon.

Studentrådet DMF ved NTNU – sl@dmfstudentrad.no

Medisinsk fagutvalg ved Universitetet i Bergen –mfu@uib.no.

Medisinsk fagutvalg ved Universitetet i Oslo –   ledermfu@gmail.com

Studentutvalget ved Det helsevitenskapelige fakultet, Universitetet i Tromsø – helsefak-sau@list.uit.no

Norsk studentorganisasjon – http://student.no/om-nso/kontakt/

Legeforeininga sitt grunnutdanningsprosjekt

Legeforeininga har sett i gong eit prosjekt som skal utreie korleis norsk legeutdanning kan møte framtidas helseutfordringar. Omfanget av prosjektet er stort, og vil omhandle både nasjonale læringsmål, nasjonal eksamen, dimensjonering av norsk legeutdanning, og mykje anna. Gruppa er leia av Marit Halonen Christiansen, og har representantar frå fleire delar av Legeforeininga, også studentane. Prosjektet skal resultere i ein rapport, som skal vere ferdig til Legeforeininga sitt landsstyremøte i 2016. Statusrapporten frå landsstyremøtet i 2015 er å finne her:

Rapport fra Grunnutdanningsprosjektet i Legeforeningen.

.