Etter streiken – kva skjer no?

Under streiken og på streikearrangement blei det ropt, rappa og sunge «Vi gir oss aldri!», både på scenar, sosiale media og i fleisen på Bent Høie. Så vart streiken stoppa, og plutseleg er det heilt stille, mange konstaterer resignert at me tapte, og du lurer kanskje på om alle berre har gitt seg, sjølv om dei sa at dei aldri skulle gjere det. Kva har skjedd?

Etter streiken – kva skjer no?

Det som har skjedd er at det vart sett inn tvungen lønnsnemnd. Dette betyr at det er ei gruppe nøytrale medlemmar av ei nemnd nedsett av Stortinget som skal bestemme kva som skjer, sidan Spekter og Legeforeninga ikkje greidde bli samde om ny tariffavtale, altså avtalen som bestemmer lønn, arbeidstid osb. Tvungen lønnsnemnd er ein stor inngripen i arbeidslivsorganiseringa, og difor må Stortinget vedta ein særlov for at det skal skje. Når lønnsnemnda er i gang, får kvar part presentere sin sak, og så er det nemnda som bestemmer – nesten som ein litan rettssak. Det er altså ikkje gitt kva utfallet av lønnsnemnda blir.

Sjølv om det ikkje er openbart kva som kjem til å skje i tvungen lønnsnemnd, er det mange som spekulerer i at det vil vere minst komplisert for nemnda å berre vidareføre avtalen slik den er nå. Avtalen slik den er nå opnar for at Spekter kan tolke at det er greitt med individuell planlegging av arbeidstid, som kan gi opptil 38 veker på rad med 60 timars arbeid, og ingen vaktfritak for gravide. Heile konflikta som førte til streiken handla jo om at legeforeninga ville få inn vaktfritak for gravide i siste trimester og vern mot individuell planlegging av arbeidstid. Når nemnda har avgjort kva som vil vere avtalen framover, vil det inntre ei fredsplikt, som gjer at ein kan ikkje gå ut i streik igjen, eller aksjonere på nokon annan måte. Dersom nemnda bestemmer å vidareføre avtalen slik den er nå, vil ein likevel vere usamde om tolkinga av denne avtalen. Det Legeforeninga kan gjere då er å ta saken til Arbeidsretten, som kan avgjere om Spekter si tolking av avtalen er lovleg. Det er ikkje mogleg å anke i Arbeidsretten, så viss Spekter får støtte for si tolking der er det i praksis ikkje mogleg å gjere noko meir før neste forhandlingsrunde, som er om 2 år.

Det kan altså verke som me har avgrensa med moglegheiter nå, og det kan kanskje verke som om me har tapt. Det som er viktig å hugse er at me fekk til tidenes lengste sjukehusstreik, eit samla fagforenings-Noreg stilte seg bak streiken, og legar, medisinstudentar, sjukepleiarar, tillitsvalde og andre skreiv så blekket spruta i både sosiale og tradisjonelle media, og klarte å overtyde den norske befolkinga om kor viktig denne kampen faktisk er! Mange har skrive om ei djuptgåande tillitskrise, og at det vil ta lang tid å byggje opp tilliten i norsk spesialisthelseteneste. Det er denne tillitskrisa, denne massive mobiliseringa og støtten som gir kampen tyngde, og som gjer at Spekter dei neste 2 åra kan bli sitjande på ei gruve av ulmande glør. 2 år kan me få på å førebu ein ny kamp for å kjempe for dei same krava for eit leveleg arbeidsliv. Kor mange rundar me må gå før me får på plass desse heilt ordinære, grunnleggjande krava er det ingen som veit. Det me veit er at sjølv om det er stille nå betyr det ikkje at me har gitt oss.

Me tapte kanskje slaget, men kampen fortset, og Nmf vil fortsetje å stå saman med Legeforeininga og Akademikerne helse i eit meir langvarig arbeid for kollektive, rullerande arbeidsplanar og vaktfritak for gravide i siste trimester. Desse sakene er viktige for oss, fordi det rører ved vår framtid og kva type kvardag me som medisinstudentar kan sjå fram til. Legedraumen blir for mange fjern utan kollektivt vern. Me skal jobbe for å få det kollektive vernet på plass, slik at legedraumen kan fortsetje å spire.

Me gir oss aldri i kampen for #kollektivtvern

.