Også for dette området må samhandlinga skje på sakleg vis utan ytingar frå leverandørane som kan vere egna til å svekke tillita til legane sin integritet, men vi ser ikkje behovet for eit like strengt regelverk som for legemiddel.
I valget mellom alternativ 1 og 2 frå sentralstyret, vil vi heilt klart tilrå alternativ 2. Vi synes likevel at også dette er for strengt. Det synes urimeleg å belaste sentralstyret med individuell godkjenning av kvart einskild arrangement. Særleg for eit fag som allmennmedisin synes det også urimeleg å avgrense slike utstillingar til eit einskild arrangement i tilknytning til årsmøtet for Norsk Forening for Allmennmedisin. Der fins fleire andre samlingspunkt med tellande kurstimar der det kan vere naturleg å arrangere slike utstillingar. Vi synes derfor at også vilkåret om at utstillingar berre kan arrangerast i tilslutning til årsmøta i dei fagmedisinske foreningane, bør fjernast. Kravet om at utstillinga ikkje skal føre til meirinntekter for kursarrangøren og at utstillinga skal haldast i eit separat rom slik at det blir frivillig å besøke den, bør vere nok i denne sammenhengen.