Om intervensjonsradiologi

Intervensjonsradiologi  er blitt ein viktig behandling og supplement til kirurgi.
 
Intervensjonsradiolog.  Etter 6 års studier blir ein utdanna lege . Etter 1,5 år turnus blir ein autorisert lege. For å bli intervensjonsradiolog er det  5 år spesialutdanning i røntgen  deretter  må ein ta kurs og  få opplæring ved ei avdeling som driv med intervensjonsradiologi. Intervensjonsradiologane i Norge er medlem i NFIR samt medlem av CIRSE.  
 
CIRSE er ei internasjonal forening for  dei som driv med intervensjonsradiologi. CIRSE  arrangerer kurs og kongressar slik at me kan halda oss oppdatert på det siste nye innan faget.