Stønad til EBOPRAS eksamen

Norsk plastikkirurgisk foreining ynskjer å bidra til fagutvikling og kompetanseheving innan norsk plastikkirurgi. 

Stønad til EBOPRAS eksamen

I regi av UEMS er det i Europa eit program for standardisering av plastikkirurgisk kunnskap og sertifisering gjennom EBOBRAS sin europeiske spesialisteksamen. Europeisk spesialisteksamen i plastikkirurgi femnar om breidda av det plastikkirurgiske fagfeltet, inkludert handkirurgi, og set høge teoretisk kunnskapsstandardar i både skriftleg og munnleg form. Eksamen er såleis ein viktig milepæl i bidrag til felles kompetansenivå i Europa og kan bidra til å fremje plastikkirurgisk kunnskap. Få norske plastikkirurger har frem til nå avlagt eksamen. NPKF ynskjer å bidra til at fleire av våre medlemmer finn det aktuelt og interessant å avlegge eksamen. 

 

Inntil kr 10 000,- av årlege driftsmidlar kan difor tildelast for dekning av eksamensavgift for EPOBRAS-eksamen for medlemmer av NPKF. Søknad om stønad må vere innsend året før tenkt eksamensdeltaking. Styret i NPKF og skal godkjenne søknad og innvilge refusjonsrett. Refusjon vert berre utbetalt til søkarar som innehar godkjend førehandssøknad. Maksimalt to kandidatar vil verte innvilga stønad kvart kalenderår. Søknadar vert fortløpande vurdert og innvilga. Søknadar som kjem etter at to søkarar er innvilga refusjonsrett for påfølgjande år, vil få avslag. Refusjonsutbetaling er oppad avgrensa til refusjon av full eksamensavgift. Refusjonsutbetaling skjer på bakgrunn av godkjend eksamen  og framlagt kvittering for eksamensavgift.

Mere informasjon om EBOPRAS og plastikkirurgisk eksamen:  http://www.ebopras.org/examination.php