
Kan du seie litt om deg sjølv?
Eg tok mastergrad i molekylærbiologi ved Universitetet i Bergen i 2008. Under utdanninga fekk eg interesse for diagnostikk, og eg var allereie då i kontakt med avdelingssjef Ståle Sund i Førde om moglegheita for å arbeide innan patologi. Den gongen var det likevel ikkje etablert molekylær diagnostikk i Førde.
Etter fullført studium arbeidde eg nokre år innan forsking på Haukeland og på Rikshospitalet. I 2011 vart det bestemt å starte med molekylærbiologi i Helse Førde, og eg fekk då jobben med å etablere tilbodet. Her har eg vore med på den spennande reisa innan molekylærpatologi, frå nokre få analysar til det omfattande tilbodet vi har i dag. Samstundes utviklar heile patologifaget seg med digital patologi, kunstig intelligens og stadig aukande kompleksitet i diagnostikken. Det er på fleire måtar ein revolusjon, både for oss og ikkje minst for pasientane.
Innan forsking har eg delteke i ulike publikasjonar innan yrkesmedisinsk lungeforsking, immunologi og kliniske studiar. Det har førebels ikkje vorte nokon ph.d., men eg har for tida ein liten fot i akademia likevel, med nyleg fullført mastergrad i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi. Vonleg blir det snart ein publikasjon frå graden, der vi har undersøkt implementeringsstrategi for ein diagnostisk test for immunterapi. Det har vore svært interessant å fordjupe seg i dette feltet, som kombinerer lidenskapen min for patologifaget med organisasjon og leiing.
Kor lenge har du hatt stillinga?
Då vår tidlegare avdelingssjef Ståle Sund gjekk av som avdelingsleiar i 2018, valde eg å søkje på stillinga, og eg har sidan den gongen hatt gleda av å vere avdelingssjef her.
Kva brenn du for som leiar?
Som leiar er det viktig for meg å sjå framover og setje retning i dagens drift, slik at vi best mogleg kan møte behova i framtida. Difor brenn eg særskilt for innovasjon og utvikling. Vi har satsa på digital patologi, der Helse Førde var ei av dei første avdelingane i Noreg med digital drift. Vi har no eit godt system saman med dei andre avdelingane i Helse Vest. Digitaliseringa gir ikkje berre effektivisering, men dannar òg grunnlag for tettare samarbeid og felles utvikling i regionen vår. Eg er svært glad og takksam for det gode samarbeidet vi har.
Neste steg hjå oss i vest er kunstig intelligens for prostata, som vi er i ferd med å teste ut. Molekylærpatologi er eit anna satsingsområde, også der med eit nært samarbeid med dei andre avdelingane i Helse Vest. I tillegg til det generelle utviklingsarbeidet er det òg viktig for meg at medarbeidarane trivst og har godt tilrettelagde rammer, slik at dei kan utføre arbeidet med god kvalitet.
Er forsking viktig for deg?
Forsking er viktig for meg, men mest av alt er det viktig for pasientane og medarbeidarane våre. Dagens forsking dannar grunnlaget for morgondagens diagnostikk og behandling. Vi treng både ny kunnskap og evne til å ha eit kritisk blikk på dagens praksis for å kunne gi best mogleg tenester, tilpassa den medisinske utviklinga i framtida.
Har de fokus på forskingskompetanse og/eller forskingsinteresse ved tilsetjing av LIS-legar og overlegar?
Det er ikkje eit krav frå oss at medarbeidarar skal ha forskingskompetanse eller forskingsinteresse ved tilsetjing. For meg er det viktig at medarbeidarane kan oppfylle potensialet sitt og trivast i arbeidet. For nokon betyr dette å vere med på forsking, medan det for andre er betre å konsentrere seg om den daglege diagnostikken. Vi har likevel fokus på kompetanse og interesse i den grad at vi oppmodar til prosjekt og forsking og fremjar forskingssamarbeid.
Kva forskingsaktivitet går føre seg på avdelinga di?
Vi bidreg inn i kliniske studiar og er involverte i ulike prosjekt. Den største aktiviteten er innan digital patologi, der vi bidreg til det regionale prosjektet Patologi i Vest. Vi arbeider med å få opp meir lokal forskingsaktivitet gjennom pågåande innovasjonsprosjekt og søknader om midlar til forsking.
I ein travel diagnostisk kvardag strevar mange patologar med å finne tid til forsking. Kva kan du som leiar gjere for å leggje til rette for forsking i avdelinga di?
Vi som leiarar har fleire moglegheiter til å leggje til rette for forsking. Vi er på mange måtar kulturberarar og rollemodellar. Det er viktig at vi er positive til forsking og fremjar det gode akademiske arbeidet. Ei negativ haldning frå leiar kan fort føre arbeidet i feil retning.
I tillegg til haldning og kultur er det sjølvsagt viktig å leggje til rette med tid og ressursar til søknadsarbeid, kompetanseheving og nettverksbygging. Dette er viktige punkt for å setje retning innan forsking.
Har de teke grep for å auke forskingsaktiviteten?
I Helse Førde har vi etablert eit tverrfagleg team for betre infrastruktur ved oppstart og gjennomføring av kliniske studiar. Vidare arbeider vi i tettare dialog med forsking og utvikling lokalt, og vi arbeider med ph.d.-søknad i avdelinga. Her skulle vi gjerne gjort meir, men rutinediagnostikken må gå. Eg har håp og tru på at vi er på rett veg, og at framtida skal inkludere både god diagnostikk og forsking i avdelinga.