Utvikling av allmennmedisinen – høyringsuttale

Styret i Møre og Romsdal legeforening har handsama rapporten i møte 2. april 2009, og vil uttale:
Rapporten gir ein god omtale av allmennmedisinen si rolle. Vi vil gi full støtte til den sentrale rolla allmennmedisinen framleis må ha i norsk helsevesen, behovet for styrking av området og fleire allmennlegestillingar.

Rapporten omtaler ikkje vanskane som ligg i reduksjon av eksisterande pasientlister. I dag er der to muligheiter:

  • naturleg avgang, som kan vere ein prosess som i denne sammenhengen tar for lang tid
  • reduksjon ved loddtrekning, som kan føre til tvangsmessig avbryting av viktige lege-pasientforhold

Dette er forhold som må utgreiast nærare.

Vi er samd i at sjølvstendig næring også i framtida vil vere den viktigste organiseringsmåten for allmennpraksis, sjølv om det må vere rom for fastlønnsstillingar også. I den samanheng er det eit viktig spørsmål som ikkje er godt nok drøfta: dei sosiale rettane til næringsdrivande legar. Sjølvstendig næringsdrivande legar har ei karenstid på 14 dagar. Dette er  ein klar rekrutteringsmessig ulempe sammenlikna med sjukehuslegar og blir større etter kvart med fleire kvinnelege legar og fleire menn som tar ansvar for barns sjukdom, fødselspermisjonar mm. Pensjonsrettane til allmennlegar kan heller ikkje sammenliknast med sjukehuslegane. Sjuke- og pensjonsordninga for legar er ein hjørnestein i det sosiale tryggleiksnettet, men finansieringa av denne er ikkje god nok til å sikre noverande rettar til dei legane som alt er inne i allmennmedisin, og i alle fall ikkje 2500 nye næringsdrivande allmennlegar.  Dette må bli eit sentralt spørsmål når det gjeld utviklinga av allmennmedisinen og i framtidige forhandlingar med myndigheitene.

Rapporten åpner for meir fleksible åpningstider ved legekontora. Vi har ikkje noko imot at takstsystemet blir justert slik at ein kan ta kveldstakster også ved planlagt arbeidstid etter klokka 16. Det vil kunne stimulere til at der det ligg til rette for det, så vel legane å halde kontora opne ettermiddag eller kveld. Det vil også gi overtidsbetaling til dei som har ekstra lange arbeidsdagar. Men vi vil sterkt advare mot at det blir skapt forventningar om at legekontor bør vere kveldsåpne. Vaktsystemet gir stor nok belastning og ubekvem arbeidstid. Ytterlegare belastning med kveldsarbeid vil virke direkte rekrutteringshemmande. Alt ordinært kveldsarbeid må vere basert på frivilligheit.