Presentasjon av styret i Sogn og Fjordane legeforening 2023-2025.



Presentasjonen blir publisert i medlemsbladet Paraplyen i 1. utgave for 2024.
Under her finn vi det nye styret til Sogn og Fjordane legeforening (SFLF).
Medlemmer og vara beskriv sine jobbar og karrierevegar, erfaringar med fagforeiningsarbeid, og aspirasjonar for fagpolitisk arbeid i den komande perioden.

Jan Ove Tryti. Styreleiar

Eg har vore styreleiar sidan 2020. Dette er min andre periode som leiar. Eg har vore styremedlem sidan 2011, leiar i LSA Sogn og Fjordane sidan 2013, støttekollega sidan 2019, nemndmedlem i nasjonal nemd for fastlegeordninga sidan 2020.

Eg vart uteksaminert frå UiB i 2005, og er no spesialist i allmennmedisin og under spesialisering i samfunnsmedisin. Eg jobbar som fastlege og tenesteleiar for legetenestene og jordmortenestene i Sogndal kommune.

Eg håpar Sogn og Fjordane legeforening kan bli ein aktuell og aktiv aktør i og pådrivar for planlegging av gode helsetenester både i Helse Førde og i kommunane. Me må ha fokus på rekruttering og stabilisering av legar og vere bevisste på at dette arbeidet startar allereie med studentar i utplassering og vidareførast i LIS1. Me må jobbe for gode vilkår for å bli spesialist både i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta, samt for at det blir attraktivt for ferdige spesialistar å jobbe i vår region. Me må vere med å leggje til rette for samarbeid og samhandling mellom legar i spesialisthelsetenesta og i kommunehelsetenesta. Me må bidra til at både spesialisthelsetenesta og kommunane ser verdien av sterk medisinskfagleg leiing i helsetenestene og motivere legar til å ta leiaransvar.

Anders Rosø. Nestleiar, årsmøtevald

Eg har to styreperiodar bak meg, tidligare har eg vore ein del av kurskomiteen i SFLF. Dei neste to åra er eg og medlem i Regionutval Vest. 
Eg jobbar som fastlege ved Jølster Legekontor, og har gjort dette sidan 2009. Eg har tidligare også vore kommuneoverlege i ti år og helsesjef i fem år. Eg er spesialist i allmenn- og samfunnsmedisin, og snart ferdig spesialist i idrettsmedisin. Eg har bistillingar som klubblege i Sogndal Fotball, samt som universitetslektor ved UiB. 
Eg ynskjer å jobbe for god rekruttering og stabilisering av legar til Sogn og Fjordane, både i spesialist- og primærhelsetenesta. Eg ynskjer særskilt å arbeide for fastlegeordninga, både med tanke på innretning av sjølve ordninga samt vilkår for legane som arbeider innanfor ordninga. 

Sander Kvammen Fimland. Styremedlem, årsmøtevald

Eg er styremedlem utan tidligare erfaring frå styret. Eg vart klinikktillitsvald på kirurgisk klinikk frå og med 1. september. 

Eg jobbar som LIS 3 i anestesi ved Førde Sentralsjukehus, og ble uteksaminert i 2019 frå UiB. Turnus hadde eg i Helse Førde, med distriktsteneste i Årdal, og byrja deretter som LIS2 på Medisinsk avdeling like etter turnus der eg jobba i eitt og eit halvt år, før eg jobba seks månadar som fastlege på Førde legesenter. Eg byrja på spesialisering i anestesi i mars 2023. 

Mine hjartesaker er å jobbe for best mogelege arbeids- og utdanningsvilkår for våre medlemmer, samt å gjere gamlefylket til ein attraktiv og konkurransedyktig arbeidsplass nasjonalt som såleis sikrar bærekraftig rekruttering. 

Sharline Riiser. Styremedlem, representant for AF

Jeg er førstelandsråd i Allmennlegeforeningen, styremedlem i Sogn og Fjordane legeforening, og hovedtillitsvalgt ved Sogndal Legekontor. Jeg er spesialist i allmennmedisin, doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen, og fastlege og hovedtillitsvalgt ved Sogndal Legesenter

Jeg kom til trivselsfylket i 2012, og fikk etterhvert turnus i fylket. Siden 2016 har jeg jobbet som fastlege. Allmennmedisin er et fantastisk fag med stor bredde, hvor kjernen er lege-pasientforholdet over tid. Flere enn noen gang står uten fastlege. Arbeidsbelastningen har for mange leger blitt uhåndterbar. På vegne av min yrkesforening vil jeg jobbe for en riktig dimensjonert allmennlegetjeneste med gode arbeidsvilkår for legene. Fastlegeordningen må videreføres med rammebetingelser som gjør det attraktivt å jobbe som allmennlege i kommunehelsetjenesten. Kommunene på sin side, særlig i distriktene, må ha fokus både på rekrutterende og stabiliserende tiltak, slik at flere leger velger fastlegeyrket.

Tarjei Nyhammer. Styremedlem, representant for YLF

Eg er styremedlem sidan våren 2022 i kraft av verv som føretakstillitsvald for YLF i Helse Førde.

Eg jobbar som LIS i indremedisin, med lunge som greinspesialisering. Etter studia i Praha arbeidde eg der eitt år innan legemiddelovervaking. Før LIS1 i Helse Førde hadde eg eit halvår som bedriftslege i Bedriftshelse1 i Øvre Årdal.

Primærmålet mitt er å jobbe for å sikre rettigheiter og ein god arbeidskvardag for LIS i Helse Førde. Vidare ynskjer eg også å jobbe for fleire aktive og engasjerte tillitsvalde legar i Helse Førde.

Michael Benjamin Robert. Vara til styret, årsmøtevald.

Jeg har vært vara i styret siden høsten 2023.

Jeg jobber som fastlege i Florø, spesialist i allmennmedisin siden 2022. Jeg begynte som LIS1 i Helse Førde i 2015, og tok sykehusåret mitt i 2018-2019 på ØNH i Førde. Utover dette har jeg vært i Florø hele tiden, men begynte 1. januar i år som fastlegevikar i Bergen i forbindelse med kona sin gruppe 1-tjeneste på Haukeland. Ved siden av fastlegejobben har jeg flere bistillinger: lektorstilling ved UiB, individuell veileder for ALIS, gruppeveileder for ALIS og LIS1, samt en liten stilling som spinninginstruktør på Spenst i Florø. 

Jeg ønsker i Sogn og Fjordane legeforening å fokusere på rekrutteringsarbeidet av fremtidige leger til Helse Førde og til distriktene.