Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingsinternatets årsmelding 2025

Tilsynsrådet for tvangsreturer og utlendingsinternatet har lagt fram årsmelding for 2025. Rapporten er alvorleg lesing, sjølv om leiar for tilsynsrådet, Elizabeth Baumann, trekk fram nokre lysglimt. 
Et gjerde med piggtråd. Foto: Istockphoto.com/Asobinin
Et gjerde med piggtråd. Foto: Istockphoto.com/Asobinin

Korleis eit samfunn ter seg ovanfor dei svakaste blant seg seier mykje om det samfunnet. Menneskerettsutvalet (MRU) i Legeforeninga støtter alle tilrådingane i rapporten. Medlemmar av MRU og Rådet for legeetikk har vore med på vitjingar på Trandum. MRU vil legge til at helsetenestane til internerte bør differensierast ved å tilby utvida og meir heilskaplege helsetenester til internerte som har lange opphald. MRU vil òg stille ekstra spørsmål ved om eit administrativt vedtak om å bli fråtatt telefon (jamfør høyringsuttalelse, punkt 2.5.1 i rapporten) er sterkt inngripande, og egna til å auke stress og uhelse for den internerte.